mandag 23. mai 2011

Energigivande joggetur

I går la eg meg rett og slett på sofaen for å kvile middag, eller rettare: kvile kaffe. Men det hjalp ikkje! I grunnen er det forferdeleg lite energigivande å liggje på sofaen! Tankane surrar like godt som før eg la meg, og dei var langt inne i ei hektisk, komande arbeidsveke. Det var berre å trasse hauststormane (!) og regnet og snøre på seg joggeskoa. Beina var tunge som aldri før, så det vart den overkomelege "runden rundt Vestbøstad". Midt i tyngste Sjøsbrekko vert blikket fanga av ei av dei finaste grasengene på Fitjar. Totalt utan ugras (les: løvetann, engsolei, hummel, skvalderkål, hundekjeks) og sprekkeferdig med frøskot. Slike enger er noko av det vakraste eg veit. Grønt, friskt og velstelt. På øyra klang "Din kjærlighet er som vinden, Den finnes overalt. Gir meg varme når det er kladt. Kjærligheten er en gave. Den er alltid der, samme hvor jeg er." Samstundes kom vissa over at min Herre skjenkar meg eit legje av grøne enger! Fylt av god kvile og omslutta av kjærleik.

"Herren er min hyrding, det vantar meg ingenting.
Han lèt meg liggja i grøne enger,
han leier meg til vatn der eg finn kvile.
Han styrkjer mi sjel, han fører meg på rettferds stigar for sitt namn skuld."
(frå Salme 23)

Fantastisk, energigivande joggetur!

onsdag 18. mai 2011

Nasjonaldag og trykkleif

Det er ingen hemmelighet at eg er over gjennomsnittet glad i VARDAR. Det gjeld både "stifinnarvardar" og vardane på høgaste topp. Og jammen klarte eg ikkje å synge ein skikkeleg trykkleif i går på sjølvaste nasjonaldagen. Og ikkje berre at eg song feil, men den feilen vart rett og slett god for meg, så eg har sunge det inni meg fleire gonger i dag i overbevisning om at songen verkeleg er slik. Direkte forundra har eg vore over at eg i alle desse år har klart å oversjå denne detaljen. No, når eg igjen sette meg ned med teksten får eg inderleg håpe Anders Hovden kan ha meg tilgitt som har kludra med åndsverket hans og til og med funne hugnad i det. Her er verset slik eg likar det akkurat no:

"Tidi ho renn som elv mot os,
Fort skifter sumar med vetter.
Fader, ver alltid Noregs los
Radt til dei seinaste ætter!
Herre, vår Gud, vårt Noregs Gud,
Varda vårt land frå fjell til flud,
Lær oss å gå dine vegar!"

torsdag 5. mai 2011

Naustet

Mannen er på jobbreis til Skottland og eg har vond hals. Har i grunnen nok med å drive Familien AS aleine denne veka, og tempoet blir automatisk litt slakkare når kroppen ikkje er heilt i form. Blir ikkje mykje blogging av sånt i alle fall. Men på sundag var eg ute ein liten rusletur her på bruket. Resten av gjengen tok seg ein båttur mens tause meg fekk vere heime i fred og ete halsdrops. Eg har jo ikkje heilt roen til bare å sitje i ro, så ein halvtime i solkroken var meir enn nok. Derfor ein liten rusletur.
Eg tutla meg ned til det gamle fellesnaustet her på garden. Det har blitt restaurert etter alle handverkstradisjonars reglar. Her måtte fagfolk til, og faktisk har Fylkesmannen vore med og betalt ein del av gildet. Så fantastisk flott som det har blitt – i all sin ekstreme enkelhet!

Naustet har sin heilt eigen historie å fortelje som fellesnaust for 11 bruk her på Vestbøstad. Eg skulle gjerne visst litt meir om den. Ein gammal båt – seksæring – ligg framleis inni. Det er ”potetbåten”. Fitjarpoteta er nemleg vidgjeten frå gamal tid. Jordsmonnet her skal visst vere ekstra godt for potetdyrking, og bøndene rodde til Bergen for å selgje avlinga! Naustet er gammalt, båten likeså. Kor gammalt veit vi ikkje, men nå har det altså blitt restaurert.


Naustet er i grunnen ikkje brukande til noko i dag, men ligg her som eit fantastisk kulturminne. Ikkje er det enkelt å kome til heller, men det ligg lunt plassert, oppetter ein loddrett bergvegg og med naturleg slipp til å dra båten inn på. Fantastisk terrengtilpassing! Og i gamle dagar kunne jo folk i terrenget, til og med på tresko og med store bører! Ingen "best i test" instruerte i kva for sko som hadde best grep på sleipe berg i den tida. Lengtar litt til dei tidene, eg, sjølv om eg glatt innrømmer at eg akkurat no ynskjer eg meg eit par til med fjellsko... må ha sko for alle føre- og turforhold – burde skamme meg!
Ta gjerne turen til naustet – sett deg på ein stein og nyt synet av trekonstruksjonen og det gamle skifertaket med tung, kraftig stein. Ekte vare! Der fann eg jammen roen også :)