Jammen lenge sidan eg har vore her inne på bloggen min. Mykje av smått og stort har skjedd sidan mai og eg har nesten klart å henge med i svingane.
Nå er det endeleg ferietid. Nei, EG har ikkje ferie ennå, men det kjennest som ferie bare å vite at ettermiddagane er utan planlagte aktivitetar og gjeremål. Då går det jo an å få gjort noko av alt forefallande heime! Og i går fekk eg til og med prioritert ein joggetur til Svartavatnet igjen. Det gjer like godt kvar gong å få litt luft under vengene. Uansett klaging på ver og føreforhold, regn, ruskever og solglytt: vidt utsyn over fjellhei, lynghei og hav gjer så uendeleg godt! I går var himmelen full av alle variantar av gråblå fargar, og sola skein i striper ned på Fitjarvika og gullforgyldte havet. Strålande vakkert!
Her ein morgon eg kjørte til jobb, kom det ein song på radioen som fanga øyra mitt. Ikkje at eg likte spesielt godt korkje melodi eller arrangement, men teksten fenga meg og sette ord på opplevde kjensler:
Æ lengta ofte utover te Mjelle, når vintern kommer krypan kald og kvit.
Førr stranda ligg så still oppunder fjellet, og anna folk tar sjelden turen dit.
Der kan æ gå og drøm mæ bort aleina, om tie som førr alltid e førrbi.
Der kan æ finn mæ rare skjell og steina; kver og en et støkke poesi.

Og sanda e så mjuk og fin på Mjelle, som balsam førr en bygutts såre bein.
Selja lyse grønn i ly av fjellet, og lufta e så velsigna rein.
Der kan æ ligg og mys mot Lofotveggen som heng lengst nord i havet lyseblå.
Der lar æ mygga sug sæ mætt på leggen, du må ha vært der førr å kunn førrstå.

Og sjøl når nordavinden slår sæ vrang på Mjelle, så gjer det sjelefred og helsebot.
Førr småbekkan som stupe blindt fra fjellet, de landa alltid trygt ved fjellets fot.
Og bølgan som bryt brått oppetter stranda, de trekk sæ stilt tebake kver en gang.
Ja, Mjelle e førrskjellig fra alt anna, sjøl kråkeskrikan har en vennlig klang.

Hvis alle hadde funne sæ et Mjelle, ei stille strand som fylte dem med fred.
Der de kunn sett sæ ned i ly av fjellet, og tenk igjennom tingan en gang te.
Så hadde kanskje verden vært en anna, og sinte rop blitt overdøvd av sang,
førr bølgan som bryt brått oppetter stranda
de trekk sæ stilt tebake kver en gang.