torsdag 5. mai 2011

Naustet

Mannen er på jobbreis til Skottland og eg har vond hals. Har i grunnen nok med å drive Familien AS aleine denne veka, og tempoet blir automatisk litt slakkare når kroppen ikkje er heilt i form. Blir ikkje mykje blogging av sånt i alle fall. Men på sundag var eg ute ein liten rusletur her på bruket. Resten av gjengen tok seg ein båttur mens tause meg fekk vere heime i fred og ete halsdrops. Eg har jo ikkje heilt roen til bare å sitje i ro, så ein halvtime i solkroken var meir enn nok. Derfor ein liten rusletur.
Eg tutla meg ned til det gamle fellesnaustet her på garden. Det har blitt restaurert etter alle handverkstradisjonars reglar. Her måtte fagfolk til, og faktisk har Fylkesmannen vore med og betalt ein del av gildet. Så fantastisk flott som det har blitt – i all sin ekstreme enkelhet!

Naustet har sin heilt eigen historie å fortelje som fellesnaust for 11 bruk her på Vestbøstad. Eg skulle gjerne visst litt meir om den. Ein gammal båt – seksæring – ligg framleis inni. Det er ”potetbåten”. Fitjarpoteta er nemleg vidgjeten frå gamal tid. Jordsmonnet her skal visst vere ekstra godt for potetdyrking, og bøndene rodde til Bergen for å selgje avlinga! Naustet er gammalt, båten likeså. Kor gammalt veit vi ikkje, men nå har det altså blitt restaurert.


Naustet er i grunnen ikkje brukande til noko i dag, men ligg her som eit fantastisk kulturminne. Ikkje er det enkelt å kome til heller, men det ligg lunt plassert, oppetter ein loddrett bergvegg og med naturleg slipp til å dra båten inn på. Fantastisk terrengtilpassing! Og i gamle dagar kunne jo folk i terrenget, til og med på tresko og med store bører! Ingen "best i test" instruerte i kva for sko som hadde best grep på sleipe berg i den tida. Lengtar litt til dei tidene, eg, sjølv om eg glatt innrømmer at eg akkurat no ynskjer eg meg eit par til med fjellsko... må ha sko for alle føre- og turforhold – burde skamme meg!
Ta gjerne turen til naustet – sett deg på ein stein og nyt synet av trekonstruksjonen og det gamle skifertaket med tung, kraftig stein. Ekte vare! Der fann eg jammen roen også :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar