fredag 1. juli 2011

mens vi lengtar og ventar...

Jammen lenge sidan eg har vore her inne på bloggen min. Mykje av smått og stort har skjedd sidan mai og eg har nesten klart å henge med i svingane.
Nå er det endeleg ferietid. Nei, EG har ikkje ferie ennå, men det kjennest som ferie bare å vite at ettermiddagane er utan planlagte aktivitetar og gjeremål. Då går det jo an å få gjort noko av alt forefallande heime! Og i går fekk eg til og med prioritert ein joggetur til Svartavatnet igjen. Det gjer like godt kvar gong å få litt luft under vengene. Uansett klaging på ver og føreforhold, regn, ruskever og solglytt: vidt utsyn over fjellhei,  lynghei og hav gjer så uendeleg godt! I går var himmelen full av alle variantar av gråblå fargar, og sola skein i striper ned på Fitjarvika og gullforgyldte havet. Strålande vakkert!

Her ein morgon eg kjørte til jobb, kom det ein song på radioen som fanga øyra mitt. Ikkje at eg likte spesielt godt korkje melodi eller arrangement, men teksten fenga meg og sette ord på opplevde kjensler:

Æ lengta ofte utover te Mjelle, når vintern kommer krypan kald og kvit.
Førr stranda ligg så still oppunder fjellet, og anna folk tar sjelden turen dit.
Der kan æ gå og drøm mæ bort aleina, om tie som førr alltid e førrbi.
Der kan æ finn mæ rare skjell og steina; kver og en et støkke poesi.

Og sanda e så mjuk og fin på Mjelle, som balsam førr en bygutts såre bein.
Selja lyse grønn i ly av fjellet, og lufta e så velsigna rein.
Der kan æ ligg og mys mot Lofotveggen som heng lengst nord i havet lyseblå.
Der lar æ mygga sug sæ mætt på leggen, du må ha vært der førr å kunn førrstå.

Og sjøl når nordavinden slår sæ vrang på Mjelle, så gjer det sjelefred og helsebot.
Førr småbekkan som stupe blindt fra fjellet, de landa alltid trygt ved fjellets fot.
Og bølgan som bryt brått oppetter stranda, de trekk sæ stilt tebake kver en gang.
Ja, Mjelle e førrskjellig fra alt anna, sjøl kråkeskrikan har en vennlig klang.

Hvis alle hadde funne sæ et Mjelle, ei stille strand som fylte dem med fred.
Der de kunn sett sæ ned i ly av fjellet, og tenk igjennom tingan en gang te.
Så hadde kanskje verden vært en anna, og sinte rop blitt overdøvd av sang,
førr bølgan som bryt brått oppetter stranda
de trekk sæ stilt tebake kver en gang.

mandag 23. mai 2011

Energigivande joggetur

I går la eg meg rett og slett på sofaen for å kvile middag, eller rettare: kvile kaffe. Men det hjalp ikkje! I grunnen er det forferdeleg lite energigivande å liggje på sofaen! Tankane surrar like godt som før eg la meg, og dei var langt inne i ei hektisk, komande arbeidsveke. Det var berre å trasse hauststormane (!) og regnet og snøre på seg joggeskoa. Beina var tunge som aldri før, så det vart den overkomelege "runden rundt Vestbøstad". Midt i tyngste Sjøsbrekko vert blikket fanga av ei av dei finaste grasengene på Fitjar. Totalt utan ugras (les: løvetann, engsolei, hummel, skvalderkål, hundekjeks) og sprekkeferdig med frøskot. Slike enger er noko av det vakraste eg veit. Grønt, friskt og velstelt. På øyra klang "Din kjærlighet er som vinden, Den finnes overalt. Gir meg varme når det er kladt. Kjærligheten er en gave. Den er alltid der, samme hvor jeg er." Samstundes kom vissa over at min Herre skjenkar meg eit legje av grøne enger! Fylt av god kvile og omslutta av kjærleik.

"Herren er min hyrding, det vantar meg ingenting.
Han lèt meg liggja i grøne enger,
han leier meg til vatn der eg finn kvile.
Han styrkjer mi sjel, han fører meg på rettferds stigar for sitt namn skuld."
(frå Salme 23)

Fantastisk, energigivande joggetur!

onsdag 18. mai 2011

Nasjonaldag og trykkleif

Det er ingen hemmelighet at eg er over gjennomsnittet glad i VARDAR. Det gjeld både "stifinnarvardar" og vardane på høgaste topp. Og jammen klarte eg ikkje å synge ein skikkeleg trykkleif i går på sjølvaste nasjonaldagen. Og ikkje berre at eg song feil, men den feilen vart rett og slett god for meg, så eg har sunge det inni meg fleire gonger i dag i overbevisning om at songen verkeleg er slik. Direkte forundra har eg vore over at eg i alle desse år har klart å oversjå denne detaljen. No, når eg igjen sette meg ned med teksten får eg inderleg håpe Anders Hovden kan ha meg tilgitt som har kludra med åndsverket hans og til og med funne hugnad i det. Her er verset slik eg likar det akkurat no:

"Tidi ho renn som elv mot os,
Fort skifter sumar med vetter.
Fader, ver alltid Noregs los
Radt til dei seinaste ætter!
Herre, vår Gud, vårt Noregs Gud,
Varda vårt land frå fjell til flud,
Lær oss å gå dine vegar!"

torsdag 5. mai 2011

Naustet

Mannen er på jobbreis til Skottland og eg har vond hals. Har i grunnen nok med å drive Familien AS aleine denne veka, og tempoet blir automatisk litt slakkare når kroppen ikkje er heilt i form. Blir ikkje mykje blogging av sånt i alle fall. Men på sundag var eg ute ein liten rusletur her på bruket. Resten av gjengen tok seg ein båttur mens tause meg fekk vere heime i fred og ete halsdrops. Eg har jo ikkje heilt roen til bare å sitje i ro, så ein halvtime i solkroken var meir enn nok. Derfor ein liten rusletur.
Eg tutla meg ned til det gamle fellesnaustet her på garden. Det har blitt restaurert etter alle handverkstradisjonars reglar. Her måtte fagfolk til, og faktisk har Fylkesmannen vore med og betalt ein del av gildet. Så fantastisk flott som det har blitt – i all sin ekstreme enkelhet!

Naustet har sin heilt eigen historie å fortelje som fellesnaust for 11 bruk her på Vestbøstad. Eg skulle gjerne visst litt meir om den. Ein gammal båt – seksæring – ligg framleis inni. Det er ”potetbåten”. Fitjarpoteta er nemleg vidgjeten frå gamal tid. Jordsmonnet her skal visst vere ekstra godt for potetdyrking, og bøndene rodde til Bergen for å selgje avlinga! Naustet er gammalt, båten likeså. Kor gammalt veit vi ikkje, men nå har det altså blitt restaurert.


Naustet er i grunnen ikkje brukande til noko i dag, men ligg her som eit fantastisk kulturminne. Ikkje er det enkelt å kome til heller, men det ligg lunt plassert, oppetter ein loddrett bergvegg og med naturleg slipp til å dra båten inn på. Fantastisk terrengtilpassing! Og i gamle dagar kunne jo folk i terrenget, til og med på tresko og med store bører! Ingen "best i test" instruerte i kva for sko som hadde best grep på sleipe berg i den tida. Lengtar litt til dei tidene, eg, sjølv om eg glatt innrømmer at eg akkurat no ynskjer eg meg eit par til med fjellsko... må ha sko for alle føre- og turforhold – burde skamme meg!
Ta gjerne turen til naustet – sett deg på ein stein og nyt synet av trekonstruksjonen og det gamle skifertaket med tung, kraftig stein. Ekte vare! Der fann eg jammen roen også :)

lørdag 30. april 2011

Vårkveld til Mehammersåto

Så skimrande var aldrig havet.... Sola speglar både hav og Mosavatn


 
Det er vår, finver og fantastiske solnedgangar!

Utferdstrangen har vore stor denne veka, og då fredagskvelden kom var det beint ut ikkje til å halde ut lengre. Så velsigna godt å ha ei turvenninne berre ei melding unna!!
Halv sju i kveldinga la vi i veg frå Vassverket (Fitjar) til Mehammersåto (høgaste toppen på øya Stord, 749 m.o.h).

Og for ein vakker kveld!

Våren er på sitt mest intense i fjellet desse dagane. "Nytt liv or daude gror" praktisk tala! Nye spirer banar seg veg gjennom vissent gras og i kanten på dei få snøfonnene som framleis er igjen.
Ned att gjekk vi beint imot solnedgangen. Å gå på heia ovanfor Mosavatnet og sjå ei eldraud kule gå ned i havet, det må berre opplevast! Fotoapparatet mitt gjekk sjølvsagt tomt for batteri, men dei beste bileta er likevel på netthinna, og det er jo der dei gjer underverk!
I dag har eg måtta lese om då Gud skapte verda. Han skilde lyset frå mørkret, skapte himmelkvelven, havet, jorda og vatna, og let gras spire fram. Det skjedde som han baud, og for kvar skaping står det at "Gud såg at det var godt"!
Ja, det er så inderleg velsigna godt!


Svartavatnet frå Kjeringjo

Mosavatnet

Frå Mehammersåto mot Kvinnherad - Englafjellet, Geitadalstind og Ulvanosa

 
Frå Mehammersåto mot nord


onsdag 27. april 2011

Påske


Påska er over, men den lever framleis i meg!
Langfredag fekk vi, heile storfamilien her på Vestbøstad, gått ein god tur "sør i skogen". Vi gjekk ein skogsveg frå Svartasmogvegen og til Dåfjorden. Vi enda opp på Sælevik skule der vi vaksne sat i sola og kosa oss med leikande barn rundt oss. Ein strålande, varm og solrik vårdag. Det var nesten så ein kunne sjå graset spire i skogsvegen der vi gjekk. Eg tutla stort sett saman med minstejenta medan dei andre sprang etter turorienteringspostar. På heimveg fann Hanna Lovise både det eine og det andre som måtte takast med eller studerast. Mange, lange strå vart plukka og forma til kors. Jammen putta ho eit slikt kors ned i halsopninga på genseren - ho måtte leike at ho hang på korset! Då ho byrja å piska onkel Olav med stråa sine, vart skogsvegen verkeleg til "via Dolorosa". Godt å kunne la tankane flyge i det stille ein slik dag!

Påskeafta var for min del prega av forventning. Eg laga til grillfest på kvelden, og samstundes kjende eg på forventningane til påskedag. Jesus var død, ja, men vi veit jo kva som kjem! Så godt å få vandre i oppstandelsens forventning!

Påskedag hadde eg gleda meg til, og det var stort å få vere med å synge preludiet i kyrkja:
"Som den gylne sol frembryter
gjennom den kullsorte sky
Og sin strålegrans utskyter
så at natt og mulm må fly
Så min Jesus av sin grav
og det dype dødens hav
Oppstod ærefull av døde
imot påskemorgen røde!"

Men endå større var det å få stå i benkeradene og oppleve siste fellessongen: Deg være ære. Ein gjeng på 11 stk 10-16-åringar kapra fronten på galleriet - forsongarplassen - og song ut for full hals: "DEG være ære, Herre over dødens makt!" Alle tre versa, klingande klårt og sterkt. Det gjekk rett til hjarta!
Han er oppstanden, ja, han er sanneleg oppstanden!
Halleluja!

torsdag 21. april 2011

Skjærtorsdag - ut i hagen

Eg var så heldig at eg fekk kome meg ut litt aleine i dag. På føremiddagen gjekk eg frå Rimbareid og opp til Kidno. Hadde mål om Botnavatnet, men når ein først kjem seg ut, er det fristande å kome seg opp i høgda. Eg veit ikkje kvifor, men det er alltid noko ekstra med å nå ein topp. Med litt nattevåk pga hostande barn var beina tunge, men desto meir kjendest det som at kvart steg gav ny energi. Først over litla Kidno, og så til stora Kidno - 571 m.o.h. Herleg å kome seg til fjells!

I dag kom eg til å tenke på at Jesus også ofte trekte ut. Han gjekk ut i fjella for å be. Etter påskemåltidet med vennene sine gjekk han ut i hagen for å be. Jesus visste kva som skulle kome, og han hadde behov for å snakke med sin Far. Då søkte han ut. Vekk frå bygningar, vekk frå staffasje. Eg vart eigentleg ganske glad inni meg då eg tenkte at Jesus kanskje har hatt nett dei same kjenslene som meg over å få kome ut. I det fri, og særleg på fjellet, kjenner eg meg alltid så nær Gud. På ein heilt spesiell måte er vegen oppover fri! Herleg å få gå og vandre og samtale med Jesus!
I dag var det varmt og deilig i veret, men sikten var ikkje all verden. Rett og slett ganske så disig uti havet. Eigentleg litt typisk vårver. Og for meg var det nett slik eg kjende det nå. Eg ser stien godt nett framføre meg, men eg ser ikkje klart på lang sikt. Det er duld for augo mine. Men vegen oppad er fri!

Vel heime hadde mannen diska opp med herleg hjortegryte. Så pakka eg sekken med kaffemat og heile familien, og storfamilie med, lasta seg i båten for å gjere strandhogg. Perfekt dag! Heilt til fruen sjølv sklei rett uti sjøen då eg skulle gjere klart for dei andre til å gå i land. Så har eg altså "bada" - for første gong i mitt liv i april! I sjøen! Ute på nesten ope hav på Fodno. Eg, som nesten aldri badar i sjøen her heime. Eg som må ha godt over 20 grader i vatnet, har altså kome levande frå eit aprilbad! Hurra!!! At mobil og fotoapparat gjekk i dragsuget er det verre med. Med mange fleecepledd i båten, og ein mann som delte genser og ullstilongs med meg, så vart det strandhogg likevel :)
I kveld har vi øvd i kyrkja - "prosjektkor" - til påskedagsgudstenesta. Fantastisk kjekt!

Snakk om innhaldsrik skjærtorsdag :)