lørdag 30. april 2011

Vårkveld til Mehammersåto

Så skimrande var aldrig havet.... Sola speglar både hav og Mosavatn


 
Det er vår, finver og fantastiske solnedgangar!

Utferdstrangen har vore stor denne veka, og då fredagskvelden kom var det beint ut ikkje til å halde ut lengre. Så velsigna godt å ha ei turvenninne berre ei melding unna!!
Halv sju i kveldinga la vi i veg frå Vassverket (Fitjar) til Mehammersåto (høgaste toppen på øya Stord, 749 m.o.h).

Og for ein vakker kveld!

Våren er på sitt mest intense i fjellet desse dagane. "Nytt liv or daude gror" praktisk tala! Nye spirer banar seg veg gjennom vissent gras og i kanten på dei få snøfonnene som framleis er igjen.
Ned att gjekk vi beint imot solnedgangen. Å gå på heia ovanfor Mosavatnet og sjå ei eldraud kule gå ned i havet, det må berre opplevast! Fotoapparatet mitt gjekk sjølvsagt tomt for batteri, men dei beste bileta er likevel på netthinna, og det er jo der dei gjer underverk!
I dag har eg måtta lese om då Gud skapte verda. Han skilde lyset frå mørkret, skapte himmelkvelven, havet, jorda og vatna, og let gras spire fram. Det skjedde som han baud, og for kvar skaping står det at "Gud såg at det var godt"!
Ja, det er så inderleg velsigna godt!


Svartavatnet frå Kjeringjo

Mosavatnet

Frå Mehammersåto mot Kvinnherad - Englafjellet, Geitadalstind og Ulvanosa

 
Frå Mehammersåto mot nord


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar