onsdag 27. april 2011

Påske


Påska er over, men den lever framleis i meg!
Langfredag fekk vi, heile storfamilien her på Vestbøstad, gått ein god tur "sør i skogen". Vi gjekk ein skogsveg frå Svartasmogvegen og til Dåfjorden. Vi enda opp på Sælevik skule der vi vaksne sat i sola og kosa oss med leikande barn rundt oss. Ein strålande, varm og solrik vårdag. Det var nesten så ein kunne sjå graset spire i skogsvegen der vi gjekk. Eg tutla stort sett saman med minstejenta medan dei andre sprang etter turorienteringspostar. På heimveg fann Hanna Lovise både det eine og det andre som måtte takast med eller studerast. Mange, lange strå vart plukka og forma til kors. Jammen putta ho eit slikt kors ned i halsopninga på genseren - ho måtte leike at ho hang på korset! Då ho byrja å piska onkel Olav med stråa sine, vart skogsvegen verkeleg til "via Dolorosa". Godt å kunne la tankane flyge i det stille ein slik dag!

Påskeafta var for min del prega av forventning. Eg laga til grillfest på kvelden, og samstundes kjende eg på forventningane til påskedag. Jesus var død, ja, men vi veit jo kva som kjem! Så godt å få vandre i oppstandelsens forventning!

Påskedag hadde eg gleda meg til, og det var stort å få vere med å synge preludiet i kyrkja:
"Som den gylne sol frembryter
gjennom den kullsorte sky
Og sin strålegrans utskyter
så at natt og mulm må fly
Så min Jesus av sin grav
og det dype dødens hav
Oppstod ærefull av døde
imot påskemorgen røde!"

Men endå større var det å få stå i benkeradene og oppleve siste fellessongen: Deg være ære. Ein gjeng på 11 stk 10-16-åringar kapra fronten på galleriet - forsongarplassen - og song ut for full hals: "DEG være ære, Herre over dødens makt!" Alle tre versa, klingande klårt og sterkt. Det gjekk rett til hjarta!
Han er oppstanden, ja, han er sanneleg oppstanden!
Halleluja!

1 kommentar:

  1. Fantastisk! Synes vi er heldige som har mer å se fram til enn bare påskeegg og fri- det tar nemlig fort slutt både innholdet i egget og fridagene! Klem

    SvarSlett