torsdag 21. april 2011

Skjærtorsdag - ut i hagen

Eg var så heldig at eg fekk kome meg ut litt aleine i dag. På føremiddagen gjekk eg frå Rimbareid og opp til Kidno. Hadde mål om Botnavatnet, men når ein først kjem seg ut, er det fristande å kome seg opp i høgda. Eg veit ikkje kvifor, men det er alltid noko ekstra med å nå ein topp. Med litt nattevåk pga hostande barn var beina tunge, men desto meir kjendest det som at kvart steg gav ny energi. Først over litla Kidno, og så til stora Kidno - 571 m.o.h. Herleg å kome seg til fjells!

I dag kom eg til å tenke på at Jesus også ofte trekte ut. Han gjekk ut i fjella for å be. Etter påskemåltidet med vennene sine gjekk han ut i hagen for å be. Jesus visste kva som skulle kome, og han hadde behov for å snakke med sin Far. Då søkte han ut. Vekk frå bygningar, vekk frå staffasje. Eg vart eigentleg ganske glad inni meg då eg tenkte at Jesus kanskje har hatt nett dei same kjenslene som meg over å få kome ut. I det fri, og særleg på fjellet, kjenner eg meg alltid så nær Gud. På ein heilt spesiell måte er vegen oppover fri! Herleg å få gå og vandre og samtale med Jesus!
I dag var det varmt og deilig i veret, men sikten var ikkje all verden. Rett og slett ganske så disig uti havet. Eigentleg litt typisk vårver. Og for meg var det nett slik eg kjende det nå. Eg ser stien godt nett framføre meg, men eg ser ikkje klart på lang sikt. Det er duld for augo mine. Men vegen oppad er fri!

Vel heime hadde mannen diska opp med herleg hjortegryte. Så pakka eg sekken med kaffemat og heile familien, og storfamilie med, lasta seg i båten for å gjere strandhogg. Perfekt dag! Heilt til fruen sjølv sklei rett uti sjøen då eg skulle gjere klart for dei andre til å gå i land. Så har eg altså "bada" - for første gong i mitt liv i april! I sjøen! Ute på nesten ope hav på Fodno. Eg, som nesten aldri badar i sjøen her heime. Eg som må ha godt over 20 grader i vatnet, har altså kome levande frå eit aprilbad! Hurra!!! At mobil og fotoapparat gjekk i dragsuget er det verre med. Med mange fleecepledd i båten, og ein mann som delte genser og ullstilongs med meg, så vart det strandhogg likevel :)
I kveld har vi øvd i kyrkja - "prosjektkor" - til påskedagsgudstenesta. Fantastisk kjekt!

Snakk om innhaldsrik skjærtorsdag :)

1 kommentar:

  1. Så koselig å se deg her i bloggverden Lovise! Du skriver så bra, og så sprekt av deg å bade i april:) Klem

    SvarSlett