torsdag 14. april 2011

min fyrste blogg

Blogg? Nei, aldri, har eg tenkt.  
Kvifor i all verda skal folk lese om meg og mitt? Eg ynskjer korkje å vere sjølvsentrisk eller materialistisk. Dessutan lever eg eit liv der eg er nøydd å prioritere strengt med tida mi. Eg har valt å prioritere mykje tid og energi på jobb, og eg er kjempeheldig som har stor familie. Då må eg velgje vekk ein del andre ting. Så blogging passar ikkje heilt inn i mi verd.
Men så er det av og til at eg boblar heilt over, som etter store opplevingar i naturen. Det kan vere etter ein god tur aleine, med mannen eller venner, ein treningstur eller ein familietur der turen i seg sjølv er målet. Eg er ingen fotograf, men har likevel ein del flotte bilete som betyr mykje for meg fordi minnet framleis talar. Slik som dette biletet. Ein januardag i fjor, vi kom oss til foten av Mehammersåto på ski før vi måtte snu for å rekke heim medan det enno var lyst. Då stod denne varden der i skumringa. Har gått forbi den mange gonger, men aldri sett den slik før. Mot den farga himmelen stod krossen og viste veg! "Du er på rett veg", sa den. "Denne vegen leier heim!" Jesus er vegen, sanninga og livet. Han var det før, han er det nå! Varden. Vegvisaren. Godt å vere på heimveg!

1 kommentar:

  1. Så gøy å lese, Lovise! :D Velkommen i bloggverdenen! :)

    Herlige bilder i det siste innlegget ditt fra Kvinnherad, og det er så fantastisk kjekt å lese om Jesus her! Keep it up! :)

    SvarSlett