onsdag 20. april 2011

Sjå liljene på marka!

"Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande!"

I dag har vore ein alt-mogleg dag, med husvask, sengevask, har henta Nils Birger + 5 kameratar på leir, har handla til påske, ungane har sprunge til og ifrå og livet går i full rulle. Men fleire kaffekoppar på terrassen innimellom slaga har det blitt. Fuglane har sunge med all si stemmeprakt, skogsduene har kurra, bonden har stelt med jorda si (for min del stod trekken rett veg i dag :), og alt liksom vaknar til liv. Det gjer så godt, er som balsam for sjela. Eg kjenner sola i andletet og tenker at det er min Far som stryk meg på kinnet. Eg går i skogslia nett bakom huset og plukkar kvitveis som nikkar og smiler overalt. Hjarta mitt syng (ein barnesong sjølvsagt): "Guds kjærlighet er rundt om meg, den er overalt jeg vet. Og hvor jeg snur eller vender meg, er jeg midt i Guds kjærlighet! Den er over, under, foran, bak, og den varer hver eneste dag. JA!"
Til kvelds i dag blir det nybakte rundstykke med eggerøre av klinkegg frå Finnøy og graslauk frå hagen. Blikket skal kvile på innplukka påskeliljer, perleblomar og kvitveis.

Sjå på liljene på marka!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar