søndag 17. april 2011

Palmesundagstur til Surefjell





 

           



Litt for trøtte vaksne, og litt for trøtte barn etter bryllupsfeiring/ barnevakt kvelden før. Då må vi kome oss ut for at ikkje stemmane skal bli bare høge og strenge utover ettermiddagen. Ein del regn dei siste dagane gjorde at vi måtte finne eit turmål med traktorveg eller god sti, så valget vart å gå til Surefjell. Ein heilt passe utfordrande tur for familie med aldersspredning på 4-78. Uteplassen til Øvrebygda skule med tauverk blir testa ut. Tømmerstokkar blir balansert på og barkebåtar sjøsett. Éin skal helst gå i alle grøfter langs skogsvegen, og helst i den molda skråningen. Eg trøystar meg med Besto sine ord: skitne barn er glade barn! Guten får i alle fall brukt ein del ekstra energi frå den utømelege kjelda si. Minsto må til tider ha litt "bensin" og ein liten dajm blir plassert på ein stein litt foran. Jammen godt at lomma til mamma var fylt opp før turen, for brått var bensinen plukka opp av store "barn" også! Så forfriskande godt å kjenne lukt av skog og myr. Dei klukkande bekkane ber bod om vår. Smeltevatnet gir nytt liv! Det er så fantastisk å studere dei små spirene under livlaust gras, dei små lysegrøne skota på lerketrea, alle dei små teikn på at det som har lege i dvale igjen spirer fram med fornya kraft. Og Hanna Lovise syng: "Hosianna Davids Son, velsigna vere han!" Og brått var det påskedag i songen hennar - "grava er tom! Halleluja!" Det er velsigna godt å ha ei jente på 4 som syng usjenert høgt om det som ligg henne på hjarta. Inn i den stille veka - her er mykje rom for ettertanke mellom Hosianna og Halleluja! Skal vi saman gå vegen fram mot eit jublande Halleluja?!


1 kommentar:

  1. Vi stemmer i et hallelujakor:-) Gleder meg til å følge med på bloggen!
    Vi koser oss på Sunnmøre og håper på å bytte ut støvler med joggesko. Kanskje blir det en fjell -eller fjøretur på oss også om en dag eller to?
    God påske til alle dere!!
    KLem Hild MAri

    SvarSlett