fredag 15. april 2011

Ulvanosi i Kvinnherad, 1247 m.o.h


Sundag 10 april var vi så kjempeheldige å få barnevakt slik at vi fekk dele ei stor turoppleving. Kvinnherad turlag lokka med vårens vakraste skieventyr, og Lars, eg og venninne Ingvild heiv oss med. Målet var Ulvanosa, 1247 m.o.h. Med 3 meter snø på toppen vart det akkurat 1250. Vi vart velsigna med vindstille, mange plussgrader og strålande sol. Finst det noko betre enn å ta skia fatt og gå oppover, oppover, oppover mot ein topp?! Vidsynet blir større og større, og utsynet fantastisk. Fjell, kvitkledde vidder og toppar, Folgefonna i si kvite prakt, og havet. Det uendelege havet. Blikket kan kvile i det endelause. Blir liksom plassert i evigheten. Fridomen er komplett! Ingenting anna betyr noko enn å vere nett der ein er. Tilstedeværelsen er total.           Fantastisk å gå slik på tur. Det kan anbefalast! Her har vi fellesskap med kvarandre. Namn, alder og stilling betyr ingenting. Ingen går framføre første turleiar. Ingen går bak bakmannen. Her skal alle med, og alle losast trygt både opp og ned. Då vi nærma oss toppen var det klar melding frå føraren  - hit men ikkje lengre. Med 8 meter skavlar som heng utover der du elles kan legge deg ned og sjå 900 m rett ned utfor kanten, der tek ein ingen sjansar. Utruleg korleis naturen kan skape noko slikt!
Trur Gud av og til frydar seg med si skaparmakt lik eit barn som leiker med plastellina. Berre for å fortelje kor mektig han er. Vi kan mykje, vi menneske, og har fått stor makt som forvaltarar av jorda. Men framleis er det mykje vi ikkje har herredøme over. Det er berre ein ting som gjeld – vise respekt overfor krefter med dimensjonar vi ikkje fattar. Eg er uendeleg liten, men Guds allmakt er over meg, under meg og på alle sider! Han som har skapt alt dette, han ser på meg og deg som sine augnesteinar!
Og så er det herleg å få fryde seg over nedfarten! Kjenne kriblinga i magen. Luggeføre og dermed fantasifulle tryningar på absolutt alle – men så fantastisk gøy!! Kjenne at kvar ein muskel og nerve i kroppen lever! Lykke!!

1 kommentar: